Eit år prega av gode resultat og gjennomføringsevne
2025 vart eit år som synte kva Frende er god for når mykje står på spel. Eg er oppriktig stolt av alle frendane som kvar dag bidreg til å gjere Frende enno betre – med fagleg styrke, samarbeid, og eit ekte ynskje om å skape gode kundeopplevingar.
Sjølv i eit år med store endringar og høgt trykk, leverer frendane kvalitet som imponerer. Dette gav eit rekordhøgt finansielt resultat på 785 millionar NOK før skatt, og ei avkastning på 29,4 prosent for eigarane våre.
Nytt kjernesystem – eit krafttak av dei sjeldne
Rundt hundre frendar har i periodar jobba døgnet rundt for å ta i bruk det nye kjernesystemet frå IBA. Dette er ei reise som krev både teknisk kompetanse, uthald og vilje til å finne løysingar framfor hindre.
Vi har no gjennomført full overføring av alle kundane som har forsikringar for liv og helse. Det er ein jobb som berre kan løysast av lag som stolar på kvarandre, samarbeider tett, og har ein felles ambisjon om å lukkast.
Parallelt er vi godt i gang med utviklinga av nytt kjernesystem for skadeområdet. Når dette står ferdig, har vi ein moderne plattform som vil styrkje konkurransekrafta vår ytterlegare.
Kundane våre – grunnlaget for alt vi gjer
Sjølv gjennom periodar med høg belastning har frendane levert solide kundeopplevingar. Målingar viser framgang på fleire område, og tilbakemeldingane frå kundane understrekar frendane sin kompetanse og omtanke både i rådgjeving og skadeoppgjer.
Frende har i løpet av året styrka marknadsposisjonen på skadeforsikring til 3,7 prosent. Dette er blant anna takka være oppkjøpet av Granne si landbaserte forsikringsverksemd og dermed auka satsing på nordvestlandet, samstundes som distributørane forsterkar si satsing på forsikring.
Vi veit at konkurransen er tøff, men Frende står sterkt i møtet med kundane våre. Kvaliteten i kvart einaste kundemøte går igjen på tvers av kontaktflater og kanalar. Uansett tempo, kundeopplevinga firer vi ikkje på.
Samhald og kultur – vår styrke
Eit fellestrekk gjennom heile året er korleis frendane møter både utfordringar og moglegheiter: med pågangsmot, glimt i auga, og eit oppriktig ynskje om å spele kvarandre gode. Haustens organisasjonsundersøking viser at vi trivest, er motiverte, og er svært tilfredse med leiarane vi har.
Kulturen i Frende gjer oss til ein attraktiv arbeidsplass og ein trygg samarbeidspartnar for eigarane, distributørane, og kundane våre. Dei er viktige for Frende, og vi er glad for å ha framoverlente samarbeidspartnarar som vi jobbar godt saman med.
Eit sterkt lag som saman bygger framtida
Eg vil takke alle frendar, eigarar og samarbeidspartnarar for eit godt år. Prestasjonane i 2025 er eit resultat av innsatsen vi saman legg ned kvar dag. Vi går inn i 2026 med eit sterkt og handlekraftig lag, som vågar tenkje nytt når det trengst.
I 2026 skal vi i Frende fortsette arbeidet med nytt kjernesystem, og saman med nye brannkassar på laget gje enno fleire moglegheit til å bli frendar. Vi skal jobbe vidare med korleis teknologi, data og KI kan forsterke Frende og kome kundane våre til gode.
Eit framoverlent Frende, tydelege ambisjonar og eit sterkt distribusjonsapparat gir oss eit godt fundament for framtida.
Vi har mykje å vere stolte av – og mykje å sjå fram til.